Søndagstanker 19.juli


19. juli 7. søndag i treeiningstida

 

Sauen og sølvmynten, - leiteaksjon på gang

Av Erik Tangedal

 Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han.  Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.»  Då fortalde han dei denne likninga:  «Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han?  ---”

” Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han?  Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’  På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om. Luk 15,1–10

”Som dei mange ulike vegar fører til toppen av Japans heilage fjell, slik fører også dei ulike religionar til same målet.” seiest det i Japan. Slik tenkjer mange i Noreg også.

Men det var Fredrik den Store og ikkje bibelen som sa noko om at einkvar vert sæl i si tru. Så leitar det religiøse mennesket og finn både sjelevandring, panteisme og andre element frå Austens religionar.

Slik går det gjerne når leiteaksjonen har sitt utgangspunkt ved foten av fjellet, for å nytta biletet frå Fudjiama. Lukas-evangeliet fortel  om ein leiteaksjon med motsett utgangspunkt og retning. Ikkje dei mange vegar oppover, men den eine vegen nedover. ”Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre”  (1. Johs. 4,10, lesetekst i dag)

Første forteljinga i teksten er frå mannen sin kvardag, den andre frå kvinna sitt domene.  Gud er aktiv på leit etter sin eigedom. Han vil gjera heilt att det som er delt. Den tapte sølvmynten var truleg del av eit smykke med ti myntar. Ein plass var tom. Den bortkomne høyrer til eit fellesskap.

”Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. ” (Ef 2, 4-5) Slik er det å bli funnen og bli snudd om 190 grader for å gå i motsett retning, på heimveg.

Likningane i Lukas 15 er mynta på farisearane og deira murring mot Jesu omgangskrets og mot korleis Jesus praktiserte si hyrdingteneste. ”Denne mannen tek mot syndarar og et i lag med dei”. Måltidet er framleis eit sterkt symbol på fellesskap. Misjon er så å setja seg til bords med andre kulturar, vørda dei like høgt som vår eigen. Men ikkje teia med det som er større enn toleransen, nemleg den guddommelege, leitande,  kjærleiken.

Tilbake