Søndagstanker 5.juli


5.juli 5.søndag i treeinigstida

 

Den gode gartneren

Av Anne Lise Tyssebotn Gjesdal

Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar? Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt. Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt. Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden. Difor skal de kjenna dei på fruktene. Matt 7, 15-20

 

Er det mogeleg at det kan skapast druer av klunger, eller fiken av tistlar?

I våre liv kjenner vi oss ofte som dårlege tre utan frukt. Kan vi endra oss?

 

Nokre av dei sterkaste preiker eg har høyrt, har eg fått når ting i naturen har tala til meg, når eg der har sett eit bilete av noko større. Og slik var det då eg lærde å poda. Då fekk eg sjå at ein kvist, som i seg sjølv snart ville tørka ut og døy, kunne podast på ei anna stamme og veksa, trivast, og bera god frukt! Slik er det med oss i handa til Den gode gartnaren. Han kan poda oss til nærkontakt med seg sjølv.

Det er så lett å stemma i med dei falske profetane, og prøva å ordna opp på eiga hand, forbetra oss og klara oss sjølve. Kva seier dei falske profetane? Jau, at vi er våre eigne herrar, vi kan klara oss sjølve.

 

«Liksom vi i dåpen er innpoda i Han» heitte det i den gamle dåpsliturgien. Dette er eit vakkert bilete på at vi ved dåpen har fått vår plass på det sanne vintreet, Jesus Kristus. «Utan meg kan de ingenting gjera», sa han sjølv. Vi må ha del i livsstraumen i det store treet.  

Berre slik kan våre ufruktbare kvistar og piggar bli omskapte til frodige og fruktberande greiner.  

 

Du til di grein meg sette

alt i min fyrste vår,

med livsens dogg meg vætte,

gav sol og signa år.

Du vil og vokster gjeva

alt til min siste slutt!

Lat meg i deg få leva,

i deg få anda ut.

 

«Med Jesus vil eg fara», tekst Elias Blix 1875

Tilbake